onsdag 13. juni 2012

Ingen kval i sikte

Atter ein rolig dag ute på bøljan blå.

Desse karane som leverer værmeldingane til oss trua med ein del drittvær
desse dagane her, men bortsett frå litt skvett i går så har det roa seg
omtrent heilt no. Kan faktisk gå ein tur på bakken utan å risikere å bli
våt.

Vi går langt nord denne turen så temperaturen er ikkje den heilt store ute,
14-115 grader i både sjø og luft.

Det einaste som er vått ute på dekk no er faktisk malinga som ikkje er tørka
ennå :-)

Og sånn går no dagane, alle mann i arbeid og alle stort sett like blie.

Dagens bilde er eit eg tok av tv-skjermen når vi låg i Rotterdam, ein Maersk
båt som kom inn med ein 10-12 meters kval over bulben, er dessverre ikkje så
sjeldant slikt skjer, dei ligg der i vannoverflata og "sover" og då får dei
seg fort ein smell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar