lørdag 16. juni 2012

Cargo control room

Er der det foregår under lasting, lossing og tankspyling. Dette rommet er
lokalisert midtskips med god utsikt over manifolden der alle laste og
losseslanger er kobla.

Herifrå kjøyrer vi alle systemer som har med last og ballast å gjere så
under land er dette rommet vanligvis bemanna 24 timer i døgnet.

Det er stort sett små styrmennene (2nd/3rd officer) som er her under laste
og losse operasjoner, men skipets Pumpemann og Overstyrmann kan du også
regne med å treffe her innimellom slaga. (Ein og annan sliten Maskinsjef kan
du også risikere å treffe på her)

Dagens bilde er sjølvsagt frå CCR, det viser pulten der vi blant anna har
styringa på Framo anlegget som driver all hydraulikk på dekk.

Som den observange leser vil sjå så er det ein liten "krakk" som står på
dørken framføre pulten, det er ikkje alle av våre Filipinske venner som er
lange nok til å rekke dei øverste bryterane i dette rommet så då er krakken
god å ha :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar