torsdag 21. juni 2012

Nødstyring

Er også ein ting vi må øve på.

Skjer det noko med styringa på brua så må vi ta over direkte frå
styremaskina i maskinrommet.

Så i går kveld var det full rulle, vi kutta styringa frå brua og styrte
manuelt nede ifra. Det gjekk stort sett bra, sjølv om det kom fram at
enkelte kanskje treng litt meire øvelse, men det er no derfor vi trener på
det, slik at alle skal kunne det.

Det var well under ein slik øvelse ein gang i tida at skipperen som sto på
brua uttalte medan han såg på eit krokete kjølevann:

"Det er no greitt at dei prøver å skrive navnet sitt, men dei behøver no
f... ikkje å gå tilbake for å viske det ut".

Dagens bilete er frå gårsdagens øvelse, ein lettmatros i intens
konsentrasjon medan 2. maskinisten passer på at han gjer som han skal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar