onsdag 20. juni 2012

Odfjell Solreiser

Då var fineværet komt tilbake, varmt og fint både i sjø og luft. Shortsane
er komt fram og på :-)

Om bord går no dagane som dei skal, vi driver på med både vedlikehold og
"nybygging", alltid noko nytt som skal på plass.

I tillegg så har vi i går og i dag avholdt "lov" pålagte møter, i går hadde
vi møte i PEC komiten som mei sei (Protection & Enviroment Committee) eller
på godt norsk Værne og miljø komiten. I dag er det fellesmøte med heile
besettninga (General Safety Meeting)

I desse møta blir forskjellige ting tatt opp, men det viktigaste er alltid
sikkerheita om bord, dette er tross alt ein kjemikalietanker og vi har mykje
rare og tildels meget farlige stoff om bord så alle må vite ka dette går ut
på.

Vi er no komt omtrent med høgde med Bermuda så vi er nok ferdige med kulda
for denne gang, går resten av turen slik som den skal så er vi i Houston på
førstkommande tirsdag ut på dagen.

Som sagt så er vi på høgde med Bermuda så vi er innaføre det berykta Bermuda
triangelet der mange skip og fly har forsvunnet med åra, og dagens melding
er at ein 20 fots båt har velta og forsvunnet i dette området no siste
døgnet så det blir holdt litt ekstra utkikk etter denne.

Dagens bilde er frå SB broving og framover dekket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar