fredag 26. november 2010

Møte i DIS-Haram

Tirsdag 23. november var vi i gang igjen med lokalgruppa i Haram.

Det var no over eit år sidan siste møte, noko som skyldast sykdom og tidsklemme for dei som bruker av sin fritid for å gjere dette.

Vi var 8 stykker på møtet, mange som ikkje kunne komme denne gangen, men slik er det :-)

Vi vart enige om at neste møte vil bli på tredje tirsdagen i januar månad, 18. januar for å være heilt nøyaktig. Eg får håpe at eg rekker heim før den tid :-)

Vi hadde ikkje noko spesielt tema på dette møtet vårt, det blir det heller ikkje på januarmøtet, vi tar opp det som er aktuelt, nesten som ein spørretime.

Vil nemne kort at av dei 8 som møtte denne gangen så var det alle 8 som brukte Legacy som sitt slektsprogram :-)

søndag 21. november 2010

Digitalarkivet med ny søkeside og FT 1910

Mange venter sikkert med lengsel og smerte på Folketellinga for 1910, den blir som kjent lagt ut kl. 0000 på onsdag 1. desember 2010.

Du kan lese litt meire om denne tellinga Her

Regner med at det blir litt kø på serveren på den tida og dei første dagane etterpå.

I samme forbindelse så lanserer Arkivverket Digitalarkivet ein ny søketjeneste, den kan du prøve allereie no på Denne adressa.

Med andre ord spennande dager i vente for oss slektsforskere.

fredag 12. november 2010

Skanna rettergangsmateriale (tingbøker) på nettet

Så nå kan du sete heime i di eiga stue og lese i rettsprotokoller på Internett. Du kommer nært på dagligliv og lokale hendelser for 2-400 år siden, og du kan lese om drap og trolldom.

Du finner meire opplysninger om tjenesten her

Og her finner du søkesida for tjenesta.

Kanskje det er nokon av dei lokale krefter som finner sakene om Store Rasmus på Myklebust og som er villige til å dele dei med oss andre :-)

torsdag 4. november 2010

Ny slektsdatabase på nettet



Eg har tatt i bruk eit program som heiter TNG (The Next Generation) for å kunne presentere mine slektsdata på nettet.

Har tidligere brukt mitt slektsprogram (Legacy) sine muligheiter for å legge data ut på nettet, det fungerte forsåvidt greitt, men det var mange små filer involvert og det vart mykje arbeid, og tidkrevende å laste opp desse sidene til nettet.

Det er her TNG kjem inn, her ligg alt oppe på nettet (På mitt eget domene) og det einaste eg gjer er å laste opp ein ny gedcom fil når eg har oppdatert slektsdatabasa. Alle innstillinger etc ligger der fast, litt arbeid med å sette opp programmet første gangen, men det er meir eller mindre ein eingangsjobb.

Dagens base er på noko over 23000 personer, eg har valgt å ikkje ta med kilder og notater samt at datoer etc på levande personer skal være utelatt. Kjem nokon over noko slikt så vennligst ta kontakt.

Er det nokon som ønsker Brukerkonto så er det berre å fylle ut skjemaet som ligger på sidene.

Og er det nokon som ønsker ytterligere data så går det greitt det også så lenge dei sjølv er med i basa eller familien.

Du finner TNG basa HER og den gamle Legacy basa ligger HER

mandag 1. november 2010

Væl blåst Slektsforskerdagen 2010 i Ålesund

Hadde egentlig ikkje tenkt å skrive så mykje om denne, fleire andre har allereie blogga om denne.

Men, må fortelle ein litt artig historie frå denne dagen.

Etter at eg hadde vert og høyrt på Arnfinn Kjelland og hans foredrag så vendte eg tilbake til Legacy bordet mitt.

Då kom det to Damer bort til meg og eg starta opp igjen pc'en og Legacyen. Brukte min egen base under demonstrasjonen.

Når Legacyen opna seg så var det dataene til ein liten jente som vart fødd for 6 uker siden som låg framme på skjermen.Då sa den eine "Næmen, har du henne, bror min er bestefar til henne". Etter eit par kjappe tastetrykk kunne eg då spørre følgende: "Då er du E....." og det stemte. Hun låg inne i basa hun også :-)

Med mange og tjuetusen personer som ligger inne så er det litt av ein tilfeldigheit at slikt skjer.

Her er det eit bilde på bloggen til Liv S. det er tatt under foredraget til Arnfinn.

Og her er linken til dei Norske sidene til Legacy.

torsdag 28. oktober 2010

Slektsforskerdagen 2010 i Ålesund



Alle er velkommen

Sted: Ålesund bibliotek, Rådhuset i Ålesund
Tidspunkt: Lørdag 30. oktober 2010 – kl. 10 – 15

DIS-Ålesund/Sula og DIS-Giske i samarbeid med Ålesund bibliotek markerer Slektsforskerdagen 2010.

Vi ønsker alle som er interessert i slekts- og lokalhistorie, velkommen til en dag med foredrag, veiledning og hjelp til å forske i slekt, finne kilder, kanskje gjøre et dykk i Lokalsamlingens mange skatter, lære om hvordan registrere sine data, utveksle informasjon og en god prat over kaffekoppen.

Kl. 10 – 15 i Biblioteksalen, - få informasjon og hjelp til slektsforskning, ta gjerne med din PC, gratis tilgang til trådløst nett.

Kl. 10 – 15 Informasjon og veiledning om bruk av Lokalsamlinga i biblioteket. Her er bøker, tidsskrifter, mikrofilm/kort, arkiv, gamle foto osv osv. En oase for både nye og erfarne slektsforskere. Endel aktuell litteratur vil også bli presentert.

Kl. 11 Foredrag ved førsteamanuensis Arnfinn Kjelland ved Historisk institutt, Høgskulen i Volda om årets tema: "Fra sted til sted" om ferdselårer og flyttemønstre i gamle dager. Hvor og hvorfor flyttet de og hvor slo de seg ned.

Kl. 13 i biblioteket - Historiker Aud Farstad kåserer om ”Jordmorliv. Jordmødre på Sunnmøre på 1800-tallet”.

Vi fortsetter frem til kl. 15 i Biblioteksalen og også i bibliotekets Lokalsamling er åpen, hvor ansatte ved biblioteket og slektsforskere er tilgjengelig for å hjelpe.

Overstående er "lånt" frå infoskriv frå leder for DIS Norge i Møre og Romsdal.

For å finne ut om det er et arrangement i næreheten av deg så sjekk her.

Undertegnede vil vise fram slektsprogrammet Legacy på møtet i Ålesund.

søndag 24. oktober 2010

DS Eira angrepet av engelske fly.

DS Eira var på denne dagen, 24 oktober 1944, på vei frå Kjerstad på Lepsøya til Roald på Vigra via Skjelten da hun vart angrepet av fem engelske fly når hun var ved Lepsøyrevet.

Angrepet vart gjennomført med mitraljøser og varte i 20 minutter, i løpet av angrepet vart Eira satt/kjørt på grunn for å unngå at hun sakk.

Etter angrepet kom mange båter fra Lepsøya ut for å hjelpe. Dei som kom til hjelp fekk slått inn trepropper i hulla i skroget for å holde skipet flytande. Etter at dei døde og sårede var bragt i land, gjekk Eira for eigen maskin tilbake til Kjerstad.

Av dei 40 som var ombord vart 13 stykker drept og mange vart skada.

I mitt slektsprogram finn eg tre stykker som vart drept denne dagen, i tillegg veit eg om fleire andre i slekta som var ombord i Eira denne dagen, nokon kom ifrå det uten fysiske men, medan andre vart hardt såra og kom seg egentligt aldri til igjen.

Eit totalt unødvendigt angrep utført av Engelske kampfly frå eit hangarskip som låg lenger ute i havet.

lørdag 16. oktober 2010

Kystfart i USA

Då er det laurdag igjen og for øyeblikket ligger vi til ankers i Baltimore.

Har leie her nokre dager, dei skylder på at det er for dårligt vær til at vi
kan gå til kai. Er nok andre årsaker enn været vil eg tru, men nok om det.

Sidan vi kom til Searsport førge laurdag har vi også vøre innom Bayonne (New
Jersey) før vi gjekk nedover mot Baltimore. For å spare tid her så svinga vi
inn mot Philadelphia og gjekk Chesapeake-Delaware kanalen som forbinder
Delaware bukta med Chesapeake bukta. Vi sparer ganske mange timer ved å gå
her.

Sidan vi vart liggande her så vart det rot med avløysinga også. Våre
kollegaer reiste til Savannah der vi skulle være i dag, men no set dei
straks på eit fly som tar dei opp hit igjen.

Klaffer dette så set vi på flyet heimover i morra kveld, natt til mandag.

Det skal bli godt med ein velfortjent ferie :-)

Dagens bilde er frå denne kanalen, straks etter at vi har svingt inn i den
frå Delaware siden.

fredag 8. oktober 2010

På vei vestover

Då er ei ny helg her igjen og vi er framleis ute i havet.

Siste uka har vøre meir eller mindre ein vindfull affære, roligaste dagen
var på tirsdag og dagens bilde er frå den dagen. Som dåkke ser så vasker
sjøen godt opp på dekk den dagen også sjølv om det ikkje var så mykje vind.

No i dag så har det tatt heilt laus igjen, vinden har i perioder vøre oppe i
over 50 knop og då blåser det som kjent bra. Heldigvis så får vi vind og vær
rett i mot så skuta holder seg så nokolunde i ro, nesten som ein skjelvande
svane bortover havet. Farten er heilt nede i 9 knop så det er det ikkje så
mykje å skryte av.

Ifølge planane så skal vi være framme i Searsport i morgon ein gang, blir
nok langt ut på dagen om dette værer holder seg.

Ha ein god helg alle sammen.

fredag 1. oktober 2010

Atlanterhavet

Då var vi ferdige i Europa for denne gangen, ein uvanlig kjapp rotasjon, ein
kai i Rotterdam for lossing og ein kai kvar i Hamburg og Stade for lasting.

Det var eit håp om at vi skulle gå nordom Skottland på turen til Searsport i
USA, men det vart det ikkje noko av, været der oppe i nord var såpass mykje
dårligere at vi gjekk ned kanalen og bortover den vegen. Forskjellen er jo
ikkje meire enn ein 6 til 8 timer då, men men.

Grunnen til at eg håpa vi skulle gå den nordlige ruta var at då fekk vi gå i
gjennom Pentland Firth, sundet mellom Skottland og Orknøyene, eit sund som
er ca 23 km langt og normalt mellom 10 og 13 km breidt med nokre smalere
plasser som vi må passere. Dette Pentlandstredet er berykta for sine bratte
og berglendte kyster, samt kraftige virvel/malstraumer. Desse straumane er
målt til hastigheiter opptil 18 knop så det er kraftige saker. Eg trur ikkje
at eg har gått i gjennom Pentland siden eg var om bord i Bow Queen eller Bow
Master tilbake til 1976/1977 og det er no rett lenge siden. J

Været var no ikkje noko særligt bra her sørpå heller, ruskete i dag og meire
ruskete skal det bli i morra så denne helga blir det nok berre å holde seg
godt fast.

Ha ein god helg alle sammen.